
Dmitriy Maiboroda (f. 1993) frå Moskva, har vore elev hos Valery Pjasetsky ved ein musikkskule der sidan 2000. Dmitriy vann 3. prisen i Eurovisionens 13. internasjonale konkurranse for unge musikarar i 2006. Han har også fått mange andre utmerkingar.
Han deltar stadig på festivalar i Russland og ei rekkje andre land i Europa. Han var også ein av musikarane som vart invitert til å spele under det politiske toppmøtet i St. Petersburg sommaren 2006. Han spelar også av og til under arrangement heime hos den russiske presidenten eller på hans sommarresidens.
Dmitriy får stipend frå Vladimir Spivakovs fond for kunstnarar og har hatt turnear, enten åleine eller saman med symfoniorkester i Italia, Frankrike, Tyskland, Polen, Slovenia og Russland.